Ørneredet til Hitler– vel verdt å vitja

På ein fjelltopp i Alpane, omkransa av steile stup, kneisar Ørneredet. Eit spektakulært
byggverk frå nazitida, med flott utsikt i alle himmelretningar. Ørneredet sto ferdig til Adolf
Hitler sin femtiårsdag i 1939.

Kona Astrid og eg tok turen dit sist sommar. Vi let oss imponera av anlegget. Men samstundes kjende vi på ei viss uhygge. Dette er eit bygg som også gir assosiasjonar tilbake til nazitida.

Ørneredet – på tysk Kehlsteinhaus – ligg høgt og fritt med utsikt over det Sørtyske alpelandskapet.

Obersalzberg – eit nazihovudkvarter
Ørneredet ligg i delstaten Bayern nær byen Berchtesgaden. I dette området – i Obersalzberg – bygde naziregimet opp eit hovudkvarter etter ordre frå Adolf Hitler. Mange av nazileiarane hadde eigne residensar her, mellom andre Martin Bormann, Albert Speer og Hermann Göring. Her låg det militærleirar, sjukehus og fasjonable hotell. Under jorda var det eit sinnrikt system av bombesikre tunnelar. Mange av dei grufulle avgjerdene som Adolf Hitler og naziregimet sette ut i livet, vart fatta i Obersalzberg. Det aller meste av nazi-byggverka i Obersalzberg vart bomba og øydelagde av dei allierte på slutten av krigen. Unnataket er Ørneredet.

Ørneredet som reisemål
Vi peila oss inn Berchtesgaden på kartet (GPS’n). Det er mange campingplassar i området. Vi la oss inn på ein liten, men hyggeleg campingplass 1 mil nord for byen, Camping Winkl-Landthal. Inkludert i betalinga for å bu der var busskort til bruk på dei fleste offentlege transportmiddel. Ei grei ordning som mellom anna kom til nytte då vi vitja Ørneredet. Den enklaste måten å koma til Ørneredet er å reisa med offentleg buss frå Berchtesgaden. Vi tok buss frå campingplassen til busstasjonen i Berchtesgaden. Då slapp vi å tenkja på parkering. Busstasjonen ligg attmed jernbanestasjonen. Her var det buss-bytte. Buss 838 tok oss «halvveges» opp til Ørneredet – til busshaldeplassen på Hintereck.

Det finst også parkeringsplassar for private kjøretøy på Hintereck, men vårt råd er ikkje å kjøra opp dit sjølv, iallfall ikkje med bubil. Vegen er smal med mykje stigning. På Hinterech er det suvenirbutikk, offentleg toalett, restaurant og museum. Og det viktigaste: Frå Hintereck går bussar med spesialtilpassa motorar og bremser vidare oppover bratthenget til Ørneredet. Det er 800 høgdemeter til toppen. Her gjeld ikkje universalbillettar for offentlege transportmiddel. Bussbillettar kjøpte vi på Hintereck.

Bussturen er ei oppleving. Bussen smyg seg oppover ein smal og svingete veg. Somme stader er den sprengd inn i fjellet, andre stader er den støtta opp av høge murar. Halvveges oppe opplevde vi at bussen svinga ut og vart ståande og vagla på ei lita lomme. Frå bussvindauge såg vi ned i endeløysa. Somme av oss sat med hjarta i halsen. Kva skjer? Svaret fekk vi litt etter, nedover kom det ein buss i sniglefart. Dette var einaste plassen på heile strekninga to bussar kunne passera kvarandre.

Bussane ålar seg gjennom fem tunnelar. Det er minimal klaring. Tak- og veggar har betongkvelvingar så ikkje lause kalksteinar skal falla ned. Bussturen endar på ei hylle som er hogge inn i fjellet. Vi er nesten ved målet. Vi går inn i ein 127 meter lang og vakkert steinsett tunnel. Lufta er kald. Det er rart å vita at her har Adolf Hitler og andre nazitoppar gått før oss.

Tunnelen fører inn til ein makelaus heis. Veggane og taket er kledde med messingspeglar, så blankpolerte at vi nesten trur det er purr gull. Heisen tar oss dei siste 124 høgdemeterane til topps. Når vi stig ut, er vi inne i sjølve Ørneredet.

Målet er nådd
Ørneredet må opplevast. Av mangt og mykje som fasinerte oss innadørs, er festsalen. Den ser like eins ut i dag som då den var ny. Trepanelet i tak og veggar er autentisk. Den opne peisen i marmor, som var ei gåve frå den italienske diktatoren Benito Mussolini, prydar framleis den eine veggen. Den fantastiske utsikta kan nytast innanfrå gjennom dei mange vindauga, ikkje minst frå den innebygde solterrassen med store panoramaglas. Her er det også informasjonstavler som fortel historia til Ørneredet. Ute er det laga stigar fram til små fotopunkt med svimlande utsikt. Og om du er svolten eller tørst, kan du slå deg ned ved eit av borda i restauranten – du kan setja deg både inne og ute. Eit opphald på Ørneredet kan ta pusten frå deg. Du dreg frå Ørneredet mett av inntrykk. Den dagen vi vitja Ørneredet, var det rundt 30 gradar nede i byen. Då var det herleg forfriskande oppe på toppen, 1 834 meter over havet.

Gangstig
Dei fleste turistane gjer som oss og tar bussen. Men det er også lagt til rette for å kunna gå mellom Hintereck og toppen. Gangstigen går på kryss og tvers i det bratte lendet Med ein høgdeskilnad på 800 meter må du rekna at det tar eit par-tre timar ein veg. Vi nøgde oss med å gå ned dei 124 høgdemeter frå Ørneredet til busstopp-hylla.

Ørneredet – ein vill ide
Martin Bormann hadde ideen til og ansvaret for bygginga av Ørneredet. Første bøygen var å stikka og byggja vegen. Mykje anleggsutstyr og materiell måtte heisast opp langs fjellsidene. Arbeidarane måtte stadvis klatra i tau for å bora og sprengja. Det meste av steinarbeidet var gjort med handemakt. Først då vegen to ferdig, kunne arbeidet med sjølve Ørneredet starta. I det meste arbeidde 3 000 mann på anlegget. Dei gjekk i heil-kontinuerlege skift. På dette anlegget vart det ikkje nytta straffangar, alle arbeidarar var lønna. Det tok berre 12 månader å fullføra prosjektet – det er nesten ikkje til å tru.

Ørneredet sto ferdig til Adolf Hitler sin femtiårsdag i 1939. Det er sagt at Ørneredet skulle vera gebursdagsgåve. Det er neppe sant, og bra var det for initiativtakaren. Hitler likte seg ikkje her. Han hadde høgdeskrekk. Det er dokumentert at han oppheldt seg i Ørneredet berre 14 gongar. Men dei andre nazitoppane brukte staden flittig, ikkje minst til representasjon.

Ørneredet må ikkje forvekslast med Berghof som også låg høgt og fritt til i Obersalzberg, men likevel mindre svimlande plassert enn Ørneredet. Her heldt Adolf Hitler til i lange periodar. Det var i Berghof at Knut Hamsun møtte Adolf Hitler i 1943 og bad han fjerna Josef Terboven. Hitler vart så rasande på den 83 år gamle og nesten døve forfattaren at han reiste seg i sinne og gjekk ut på altanen.

Turistmagnet
Berghof vart jamna med jorda etter krigen. Ørneredet vart spart. I dei første åra etter 1945 brukte amerikanske soldatar Ørneredet til rekonvalesens. I 1952 vart Ørneredet tilbakeført til delstaten Bayern som etter nøye vurderingar bestemte seg for å opna byggverket for ålmenta. Sidan har turistane farta hit i tusental.

Eit par tips
Dersom du har planar om å vitja Ørneredet, så følg med på vermeldinga, det hender Ørneredet ligg innhylla i skodde. I så fall går du glipp av den fantastiske utsikta. Ta ut tidleg på dag, for i høgsesongen kan det vera kø på bussane. Men bussopplegget mellom Hintereck og Ørneredet er velorganisert.

Königsee – sett frå Malerwink! Namnet tyder på at dette er eit ynda utkikspunkt for landskapsmålarar.

Og er du først i Berchtesgaden, ta gjerne ein avstikkar til Königsee som ligg 7 km sør for byen. Dette er ein ferieplass med røter tilbake til keisartida. Innsjøen Königsee ligg idyllisk til mellom høge fjell, og her er flust med restaurantar, suvenirbutikkar og salsbodar. På innsjøen går det turistbåtar fram og tilbake. Det er også turstigar for dei som vil vandra i vakker natur. Ein tur til Königsee er ein tur inn i eit fortryllande alpelandskap.

Königsee, ei perle i alpelandskapet.

Tekst og foto: Kjell Harald Lunde

Reisebrev fra bladet Bobilen nr. 225

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *